onsdag 27. januar 2016

VEKA MI & BALL 2016

Hei!
Idag skal eg fortelje litt om veka mi på nynorsk, fordi ein av oppgåvene er å skrive to innlegg på nynorsk.

På mandag var det skule som vanleg og me lagde skulebrød og kanelbollar. Rett etter skulen var det trening i Ekneshallen saman med Steinberg laget. Det er desse treningane med Steinberg eg likar best, fordi da møter eg vennane mine fra Krokstadelva som eg til vanleg ikkje ser! 

På tirsdag var det ein vanleg skuledag og trening i Skotselva på kvelden saman med Hokksund. På desse treningane er det mest styrke og teknikktrening. 

På onsdag var det også ein vanleg skuledag som resten av uka, men trening rett etter skulen. Eg og Frida må skifte på skulen for å rekke treninga som starter 14:30 på Ungdomsskulen i Hokksund, me komar som oftest for seint. Fordi bussen er forskinka eller at nokon busssjåførar ikkje gidd å køyre oss til ungdomsskulen. På desse treningane er det for det meste speletrening, noko som er veldig gøy. 

På torsdag var det skuleball, det gledde eg meg veldig til! Rett etter skulen begynte eg å ordne meg også kom Frida og Christina til meg rett før me dro saman til ballet! Det var ein utruleg koseleg og morosam kveld som eg kjem til å hugse lenge. 

Så fredag morgon var ikkje så morosam da me starta med gym. Da var dei fleste trøytte etter ballet. No i helga skal eg kun vere på hytta på Haglebu og stå på ski, noko eg synest er veldig kjedeleg no som Sofie ikkje er med. Også på søndag har eg ein kamp med Hokksund mot Vikersund, som er eit lag me burde slå. Eg slenger med nokon bilder fra ballet.
-Emilie
Ida og meg
Frida, Ingeborg, Amanda, Rikke, Camilla, Marte, Marie, Martine, Silje, Christina, Ida, Meg og Helene
Meg, Lars, Frida, Isak og Christina

Foto: Martine Abrahamsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar