lørdag 23. januar 2016

FREDAGSMATEN SUNNERE


Hei!
No tenkte eg å fortelje dykk om nokon enkle tips som ein kan gjera for å få ein sunnare fredagskveld! Dei fleste spiser taco som fredagsmat, noko som kan inneheld masse fett. Både rømme og kjøttdeigen med kryddermixen er ikkje spesielt sunn. Eg skal no gi nokon enkle tips for å gjere tacoen litt meir sunn. 
1. Bytt ut kjøttdeigen med kylling. Kjøttdeig er bearbeidet kjøtt som kan føre til kreft. Det er lurt å bytte ut kjøttdeigen med eit reknare kjøtt som for eksempel kylling. Fisk er det også nokon som likar, men personleg er ikkje eg så glad i fisk på tacoen.
2. Bytt ut rømmen, med guacamole! Rømme inneheld masse fett og er ikkje så sunt for deg. Da kan du heller lage ein kjempe sunn og ikkje minst god guacamole. Da trenger du: 2 avokadoer, litt lime saft, ein halv hakka raud chili, 1 båt kvitløk og 1 stk fin hakka sjalottløk. Da må du mose avokadoene og finhakke de andre ingrediensane før du blandar alt saman.
3. I stedet for tacosalsaen du kjøper ferdig, kan du lage ein kjempe god heimelaga tomatsalsa! Det du trenger er: 3 tomatar, ein raudløk, chili, ein klype salt og lime eller sitron saft. Da bare fin hakkar du alt og blandar det saman.

Eg håper dette var til hjelp for nokon!

Bildane er henta fra Google
-Emilie

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar